Hopp til innhold

Ferje krasja med seglbåt

Bilferja Tidesund kolliderte med ein seglbåt mellom Hareid og Sulesund klokka 12.10 tysdag.

Ferja trafikkerer sambandet mellom Hareid og Sulesund på Sunnmøre, og politiet fekk melding om hendinga like etter 12.30.

- Begge båtane har gått inn til Hareid og ventar på ein politipatrulje der, seier operasjonsleiar Audun Vartdal i Sunnmøre politidistrikt.

Seglbåten i aluminium er frå Alaska og det var to kvinner ombord. Politiet har no gjort sine avhøyr og mykje tyder på at seglbåten braut vikeplikta.

- Plutseleg byrja ferja å fløyte

Jakob Emblem var passajer på ferja då kollisjonen skjedde.

- Eg var vel den første bilen som kom ombord og stod heilt framme. Omsider så dubba eg av. Plutseleg byrja ferja å fløyte. Så høyrde eg ein dunk i sida. Då for alle mann på dekk, og då såg vi at det var ein seglbåt, fortel han til NRK.

Ferja var tilbake i rute klokka 13.30.

Tidefjord og Tidesund ved kai på Hareid

Tidesund og Tidefjord går i trafikk mellom Hareid og Sulesund. Tysdag kolliderte Tidesund med ein seglbåt. (Arkivfoto)

Foto: Svein Smørdal / NRK