Hopp til innhold

Fekk pris for nynorskbruk

Ingvill Tandstad frå Sykkylven er tildelt Alf Helleviks mediemålpris 2009.

Ingvill Tandstad
Foto: Maria Nakken / NRK

Ho er tilsett ved NRK Østlandssendingen i Oslo, og dette er det største distriktskontoret til NRK.

Tandstad får prisen for sin konsekvente bruk av nynorsk i eit elles bokmålsdominert mediemiljø.

- Tandstad er ein pionér og eit førebilete, ikkje berre for innflyttarar frå nynorsktalande stader, men for den store gruppa av Oslo-borgarar som har ein nynorsk språkidentitet og som er interesserte i språk, heiter det i grunngjevinga.