Fekk ikkje bli med fly frå Molde

To fulle personar har blitt vist vekk frå Molde lufthavn, Årø. Det opplyser politiet. Dei to skulle vere med eit fly til sørlegare strøk, men kapteinen nekta dei å vere med på grunn av ufin oppførsel. Politiet frakta dei to vekk frå flyplassen.