Hopp til innhold

– Fleire leikeapparat var potensielle dødsfeller

Kontrollar påviste alvorlege feil og manglar på leikeapparata på nesten alle skulane og barnehagane i Sula. Nokre av apparata var potensielle dødsfeller, heiter det i rapporten.

Leikeapparat ved Sunde barnehage

Dette er eitt av leikeapparata som er blitt reparert, etter at det fekk karakteristikken dødsfelle i konsulentrapport. Denne barnehagen fekk 13 slike merknader.

Foto: Remi Sagen / NRK

Apparata med dei mest alvorlege feila er fjerna. Andre er blitt utbetra. Og barna har fått ei forklaring på kvifor dei har færre leikeapparat enn dei hadde før.

– Leikeapparata var ikkje så veldig trygge, seier Synne Lervåg Sveås (5) i Sunde barnehage.

Synne Lervåg Sveås

Synne Lervåg Sveås (5) konstaterer at fleire leikeapparat er fjerna. Dei var for farlege.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Mange får ei overrasking

Det er Ole Christian Wiig i firmaet Lekeplassinspektøren som har gjennomført granskinga. Han seier at tilstanden på norske leikeplassar varierer mykje.

Nokre kommunar har god styring. Men mange får seg ei grundig overrasking når det blir gjennomført eit grundig tilsyn, seier Wiig til NRK.

Wiig meiner Sula kommune er langt frå nokon versting. Han meiner denne kommunen på Sunnmøre truleg representerer gjennomsnittet.

Sunde barnehage

Sunde barnehage i Sula fekk påpeika 13 dødsfeller. Dei farlege leikeapparata er fjerna.

Foto: Remi Sagen / NRK

36 dødsfeller

NRK har sett alle rapportane frå dei 8 kommunale skulane og barnehagane i Sula. Til saman er der 30 manglar ved leikeapparat som inneber dødsrisiko. Berre på Sunde barnehage er tretten forhold markert med ein raud A i rapporten. A representerer fare for død.

Sjørøvarskute Sunde barnehage

Dette er ei av dødsfellene. Ifølgje rapporten kan barn setje fast hovudet i opninga mellom tauet og skuta. Tauet er no fjerna.

Foto: Sula kommune

I rapporten blir det lagt fram bilete av ei oransje sjørøvarskute. Eit tau går frå skuteskroget og fram på baugspydet. Her var det fare for kveling ved fastklemming av hovud og hals, heiter det i rapporten, med henvisning til farevurdering ved opningar mellom 90 og 230 millimeter.

Leikarhytter og sklier

Leikarhytte Sunde barnehage

Denne leikarhytta blir karakterisert som ei dødsfelle.

Foto: Sula kommune

På same barnehage er det ei leikarhytte, forma som eit spisst telt. Her er opningane forma slik at barna kunne få klemt fast hovudet eller halsen. Dette tilfellet får også ein raud A, som inneber dødsrisiko.

Den raude A-en blir også brukt i samband med ei sklie. Her var det fare for at kle og snorer kunne hekte seg fast, noko som også representerer kvelningsfare. Heile tre A-ar er knytte til den same sklia.

Einingsleiar for barnehagane, John Magne Eikrem.

Einingsleiar for barnehagane, John Magne Eikrem, viser at det farlege tauet er fjerna frå sjørøvarskuta.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Forskrekka

Kvelningsfare var det også i samband med eit klatrestativ. Konsulenten tilrår at opningane i klatrestativet blir gjort mindre, slik at det ikkje lenger er fare for kveling.

Britt Kleppe

Britt Kleppe, styrar i Sunde barnehage, seier dei er forskrekka over omfanget på avvika.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi blir sjølvsagt forskrekka over avvika. Her er nokre gamle leikeapparat, og det har kome nye forskrifter. Vi har ikkje heilt klart å henge med, seier styrar Britt Kleppe.

– Ikkje førebudde på mengda

Tidlegare var det Sula kommune som kontrollerte leikeapparata sjølve. Denne gongen leigde dei inn ein inspektør.

– Vi visste at det var ein del å ta tak i. Men vi var ikkje førebudde på at det var så mykje, seier kommunalsjef Jørn Agersborg.

Jørn Agersborg

Jørn Agersborg er kommunalsjef i Sula.

Foto: Remi Sagen / NRK

No må Sula kommune ut med store summar til både reparasjonar og til erstatning for leikeapparat som er fjerna.

– Kanskje vi kan få oss eit nytt slott og ein ny bil der borte, seier Synne Lervåg Sveås (5).

Sunde barnehage

Barna i Sunde barnehage leikar tryggare no. Dette klatrestativet er reparert.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL