Hopp til innhold

Skip som låg til kai i Sula tok inn vatn

Eit fartøy som ligg til kai ved Fiskerstrand Verft i Sula tok inn vatn. Skadeomfanget er så langt ukjent.

Fiskerstrand verft Ronja supporter

Naudetatane rykte ut til Fiskerstrand verft etter at eit skip tok inn vatn.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

08.44 tysdag morgon meldte politiet i Møre og Romsdal at eit fartøy, som låg til kai i Sula, hadde tatt inn vatn. Skipet ligg ved Fiskerstrand verft.

– Alle er evakuerte frå båten og det er ikkje meldt om personskade, meldte politiet kort tid etter hendinga.

Prøver å stoppe lekkasjen

Ifølge politiet er det ein brønnbåt som tek inn vatn.

– Det hadde kome inn ein del vatn og det blir no jobba for å stoppe dette. Båten hadde krenga 15–20 grader, sa Finn Harald Saltskår, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, i 09.40-tida.

Han seier at det blir jobba for å få kontroll på situasjonen og skipet. Det blir mellom anna brukt lenser og pumper for å tømme båten for vatn.

– Det er ein del vatn. Vi er på plass med alt tilgjengeleg mannskap frå stasjonen i Langevågen, i tillegg til noko mannskap frå stasjonen i Spjelkavika. Vi har dermed pumpekapasitet frå begge plassar, sa John-Rune Lillebø ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK tysdag føremiddag.

Klokka 09.24 meldte politiet at båten ser ut til å vere stabilisert. Då hadde ein del av vatnet i skipet blitt pumpa ut og vasstanden hadde gått ned.

Fiskerstrand verft

Alle naudetatane rykte ut til staden etter at ein brønnbåt tok inn vatn.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Uklart skadeomfang

I 11.00-tida sa Saltskår i politiet at det framleis blei jobba med å pumpe vatn ut av båten.

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll på situasjonen.

– Vi har fått stoppa noko av det som gjorde at det kom inn vatn. Vi har også hatt oppe ei drone for å sjå om det har kome noko utslepp, men det er minimalt, sa Lillebø i brannvesenet i 12.00-tida.

Skipet vil halde fram med å ta inn vatn til lekkasjen blir tetta.

I 16.00-tida var brannvesenet framleis på staden for å overvake pumpene som blir brukt til å fjerne vatnet.

Det har også blitt lagt ut lenser for sikkerheits skuld, i tilfelle det skulle bli utslepp frå båten.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til at båten tok inn vatn. Det skal ha kome ein del vatn inn i maskinrommet på båten.

Det er Sølvtrans som eig båten. Den var hos Fiskerstrand verft for å få utført arbeid.

Kommunikasjonssjef Harald Tom Nesvik seier at hovudfokuset deira er på å få tømt båten for vatn, slik at dei etter kvart kan kome seg om bord og få eit overblikk over situasjonen og kva tiltak dei må gjere.

Klokka 16.00 seier Ragnvald Rasmussen, operasjonsleiar i politiet, at det kan bli aktuelt å ta båten i dokk for å få stoppa lekkasjen.