Hopp til innhold

Får plass i utdanningskomiteen

Komiteane for det neste Stortinget tek form, og onsdag vart det klart at Mette Hanekamhaug frå Frp skal site i utdanningskomiteen.

Mette Hanekamhaug

FORNØGD: Mette Hanekamhaug (Frp) er godt nøgd med komiteplasseringa.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Eg er utruleg godt nøgd. Det var utdanningskomiteen eg hadde på fyrsteval frå starten av, og det eg innerst inne har håpa på, seier Mette Hanekamhaug.

- Eg vart ekstremt letta når eg fekk beskjed om at eg endar der, fortel ho etter at det onsdag ettermiddag vart kjent kva komite ho skal arbeide i dei neste fire åra.

- Kjenner systemet

Ho blir den yngste på Stortinget, og trur alderen hennar er ein av hennar store fordelar når ho tek til å jobbe med utdanningssaker.

- Det som blir viktig for meg er å bidra med den kunnskapen eg faktisk har ved å ha vore student og elev i det systemet som me har i dag. På den måten kan eg vite korleis systemet blir opplevd av elevane, og kva som må endrast, seier ho.

Tre i næringskomiteen

Høgre sin representant på Mørebenken skal site i næringskomiteen. Elisabeth Røbekk Nørve hadde sjølv ynskt å kome i den komiteen, og har vore i den dei siste to åra.

Ho får følgje i komiteen av Harald Nesvik frå Frp og Rigmor Andersen Eide frå KrF.

Uavklart for Ap

Jenny Klinge frå Senterpartiet skal site i justiskomiteen dei komande fire åra. Oskar Grimstad skal site i energi- og miljøkomiteen.

Komiteane som dei tre representantane til Arbeiderpartiet skal i er ikkje bestemt endå. Dermed har hverken Else-May Botten, Svein Gjelseth eller Tove Lise Torve blitt plasserte i komitear.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL