Får milliontilskot til vedlikehald

Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut ein million kroner i tilskot til sju verneverdige fartøy. Tilskotet, som er eit samarbeid med Riksantikvaren, skal gå til istandsetting og vedlikehaldstiltak. – Desse fartøya har ein viktig kulturhistorisk verdi for fylket vårt. Vi har valt fartøy som allereie er verna, og som har eit godt støtteapparat ikring seg. Samstundes er det viktig at tiltaka er realistiske og gjennomførbare, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.