Hopp til innhold

Får ikkje køyre Trollstigen

For lange bussar skaper problem ved Trollstigen.

Bilkø under Trollstigen

Illustrasjonsbilde

Foto: Edmund Meyer

Kvart år skaper bussar som er lengre enn den lovlege grensa på 12 meter og 40 cm forseinkingar og stenging av Trollstigvegen.

- Det kan ha ein samanheng med både for lange bussar og uerfarne sjåførar, seier Per Oddvar Sæth i transportselskapet Veøy.

- Med ein kombinasjon av begge deler kan ein lett bli ståande fast der oppe.

Veøy sine turistbussar blir ofte leigde inn av andre selskap for å køyre nettopp denne strekninga. Sæth er lei av useriøse selskap som køyrer vegen sjølv om dei er over den lovlege grensa.

- Dette er verst når vi har turistbåtar inne på Åndalsnes og er på veg til Trollstigen med passasjerane i fleire bussar. Når det er kork der oppe er det klart det skaper store problem, fortel han.

To bussar måtte snu

Tidlegare denne veka hadde Statens Vegvesen kontroll av bussar ved Trollstigen. To av sju turistbussar som vart sjekka måtte snu. Dei er no melde til politiet. Bussane var 13 meter, 60 cm over den lovlege grensa.

- Denne grensa er viktig for å ungå farlege sittuasjonar, meiner Jan Erik Myhr i Statens Vegvesen.

- Svingane er nokså krappe, så det kan få konsekvensar ved at enkelte bussar ikkje kjem forbi. Vi hadde eit tilfelle i fjor med ein buss som kom nokså langt ut på sida.

Myhr meiner difor det er viktig å halde fram med kontrollane og trur det vil hindre busseslskap i å ta sjansen på å køyre Trollstigen med for lange bussar.