Hopp til innhold

Får hastemøte med helseministeren

Muritunet i Valldal har bede om - og får - eit hastemøte med helseminister Jan Christian Vestre.

Møtet er i dag frå klokka 0730, og gjeld fleire rehabiliteringstilbod i landet.

Arne Sandnes representerer Muritunet og rehabiliteringsmiljøet saman med leiar for ordføraropprøret, Kari Anita Furunes i Meråker.

Onsdag startar etter planen anbodsrunden for rehabiliteringstilbod, og Muritunet fryktar at pasientane får færre døgntilbod i framtida.

Dei fryktar at ein brå overgang til behandling på dagtid betyr kroken på døra for Muritunet og liknande tilbod.

Valldal
Foto: Øyvind Sandnes / NRK