Hopp til innhold

Etterforskar valdtektssak

Politiet på Nordmøre stadfestar måndag kveld at dei har sett i gang etterforsking i samband med melding om valdtekt. Ei kvinne oppsøkte natt til laurdag valdtektsmottaket i Molde og opplyste at ho var blitt valdteken i løpet av natta. Politiet har no sett i gang vitneavhøyr, dei er i ferd med å kartleggje telefontrafikk. – Ut over dette avventar vi resultatet av fleire undersøkingar. Vi er i ein tidleg fase og kan ikkje gå ut med meir opplysningar no, seier politiinspektør Ove Brudevoll til NRK.