Hopp til innhold

Etterforskar ein rekke innbrot i Ålesund

Politiet i Ålesund fekk førre veke totalt fem meldingar om innbrot i einebustadar i området Hatlane – Åse. Innbrota skal ha skjedd i tidsrommet 18.-25.02.24, opplyser politiet i ei pressemelding.

Arne Lid Skodje, seksjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, seier at dei har gjennomført åstadundersøkingar på stadane der det har vore innbrot.

– Politiet har sikra ein rekke spor, og vi etterforskar breitt både taktisk og teknisk. Politiet ønsker tilbakemelding frå publikum dersom dei skulle ha sett noko som kan vere av interesse for politiet, eller sjølv har oppdaga spor av innbrot eller forsøk på innbrot på eigen eigedom, skriv han i ei pressemelding.

Skodje seier vidare at her er det interessant med film/bilde frå overvaking, videoringeklokker og liknande i området.

Arne Lid Skodje, seksjonsleder i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Møre og Romsdal politidistrikt