Hopp til innhold

Endra kolonnetidspunkt

Frå måndag 22. oktober blir det faste tidspunkt for kolonnekøyring i Godøytunnelen mellom kl. 07.00-08.30 og 15.30-17.30. Kolonnane i dette tidsrommet vil no gå heil og halv frå Godøya, og kvart over og kvart på frå Giske. – Trafikantane har ønsket meir føreseielegheit og vi innfører derfor faste tidspunkt for kolonnekøyring også på morgonen og ettermiddagen. Det blir ikkje tak på talet på bilar, alle får vere med, fortel prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Godøytunnelen
Foto: KNUT OPEIDE