Hopp til innhold

Endeleg heime

Etter mykje venting har Atlanterhavsparken i Ålesund fått ein ny og spennande attraksjon. Fem pingvinar frå Tyskland kom til akvariet torsdag.

Pingvinane på plass

Pingvin ved Atlanterhavsparken
Foto: Brede Røsjø / NRK

Atlanterhavsparken er det andre akvariet i landet som får pingvinar. Frå før er det berre Akvariet i Bergen som kan skilte med denne attraksjonen.

Marknadssjef ved Atlanterhavsparken Tor Erik Standal, meiner dette er årets julegåve.

- Det er det. Både til oss i Atlanterhavsparken og til alle på Nordvestlandet. Det er ein stor dag i dag.

Lang biltur

Dei fem pingvinane kjem heilt frå byen Magdeburg i Tyskland, og vart henta heim til Ålesund i bil.

- Det har vore ein lang biltur, men det ser ikkje ut som om dei har tatt skade av det, seier Standal.

- No gler dei seg nok mest til å sleppe ut frå reisekassa og ut i vatnet.

Pingvin ved Atlanterhavsparken

Akvarist Rune Viseth og Sigbjørn Lerstad i stilfull smoking til ære for dei nyinnflytta pingvinane.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Kyllingar

Pingvinane er framleis ikkje ferdig utvokst. Dei blei fødde i juni i år, og er venta å bli ein god del større.

- Dette er kyllingpingvinar, så dei har mykje å gå på enno.Dei blir ikkje kjønnsmodne før dei er 2-3 år, forklarer Standal.

I Ålesund kan pingvinane boltre seg på eit stort uteområde. Dei har stort basseng og landareal og hus viss dei ønsker å gå inn for å finne ly.

Får fleire kameratar

Dei fem pingvinane som er på plass ved Atlanterhavsparken får snart selskap. Akvariet har planar om ein heil koloni med pingvinar.

- No har vi også fire fyrrige spanjolar på veg, så vi reknar med at det skal bli litt moro mellom dei tyske og dei spanske pingvinane, fleipar Standal.

- Når dei er på plass så er vi halvvegs. Vi ønsker å ha 10-11 pingvinar til, men vi får sjå om vi får dei med ein gong eller om vi må vente litt.

 

Pingvin ved Atlanterhavsparken

Litt høg skulderføring hos akvarist Sigbjørn Lerstad, men etterkvart vil nok både han og pingvinane bli trygge på kvarandre.

Foto: Brede Røsjø / NRK

 

Mykje mat

Ein vaksen Humboltpingvin kan ete opp til 1,2 kilo fisk om dagen.

Det blir gøy å sjå om dei vil ete med ein gong. Det vil vere eit teikn på at dei finn seg til rette.

Planen er at publikum skal kunne vere med og mate pingvinane.

- Dei er veldig glad i menneske. Men no er dei heilt nye her, og nebbet til pingvinene ikkje til å spøke med. Det er kraftig og sylskarpt som nebbet til ørna. Så vi vil vere litt forsiktige i starten. Men på sikt hadde det vore kjekt viss ungane som var innom kunne ha vore med og mata pingvinane med sild.

- Dette er årets julegåve, stadfestar Standal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL