Russiske Andrej Lamov blei nummer to, medan Christian Sporry frå Sveits og svenske Ulrik Nordberg kom på delt 3.-plass.
EM i skiorientering starta måndag med sprint. Moholdt vann med 36 sekund margin til Lamov.
Jørgen Madslien blei nest beste norske på 6.-plass.
– Noko av det beste eg har gjort. Eg gler meg til å halda fram, seier Madslien i ein e-post frå Norges Orienteringsforbund.
I kvinneklassen vann svenske Tove Alexandersson. Jalena Trapeznikova og Marija Ketsjkina (begge Russland) blei høvesvis nummer to og tre. Marta Ulvensøen blei beste norske på 21.-plass.
Sprintkonkurransane i Ungdoms-EM og i junior-VM skulle opphavleg gå måndag, men desse går i staden tysdag. Tungt snøfall er årsaka, skriv forbundet.