Hopp til innhold

Elendig jordbærsesong i Valldal

Frostskader og ein dårleg sommarsesong har gjort sitt til at det blir plukka om lag halvparten så mykje jordbær som normalt i år.

Jordbær
Foto: Hans H. Bjørstad

Ifølge Storfjordnytt blir det plukka rundt 400 tonn i år, mot 750 til 800 tonn i normale sesongar. Ein kald vår har mykje av skulda, seier Harald Valle, dagleg leiar i Valldal Grønt.

- Vi har nesten ikkje noko som kan kallast ein normal sesong, det er store svingingar frå sesong til sesong, men i år har vi opplevd større nedgong enn vi hadde trudd vi ville få. Ein del av dette er på grunn av frostskadar på bæra.

Ikkje i butikkane

Dette vil ikkje gå ut over dei som likar å sette seg ned med ei korg med jordbær i dei siste sommardagane lovar Valle, for desse bæra har gått uskadd frå vinteren og våren.

- Det var industribæra det gjekk ut over i år, det vil sei bæra vi leverer til for eksempel Lerum, Stabburet og Henning Olsen-is.

Godt Polka-år

Dei etterspør egne sortar som ikkje har tålt sesongen like godt, medan det er bær av sorten Polka som folk flest finn i korgene i butikken.

- Desse bæra har vi faktisk hatt ein oppgang i og levert god kvalitet på i år.

Ifølge Vall leverer Valldal Grønt halvparten av alle jordbæra til norsk industri, medan det er konsumbæra som gjev høgast avkastning.