Hopp til innhold

Det kan bli vanskelegare å bli redda på bygda

Befolkninga blir eldre, og folk flytter frå distrikta. Det kan få konsekvensar for redningsaksjonar i framtida.

Skredkurs på Standalseidet i Ørsta

Den som driv med redningsarbeid må vere i god fysisk form. Røde Kors er bekymra for at distrikta står att med færre som kan utføre jobben.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er folksamt i skitrekket i Ørsta. I løpet av kort tid får mannskapet i vaktboda til Røde Kors beskjed om tre skader i løypene. Då er det berre å rykke ut med skuteren.

– Vi er her for å hente skadde folk til ambulanse og sørge for at dei har det bra. Og det blir eit plaster her og der, seier Torbjørn Gjøsdal Wollmann (56).

56-åringen har ikkje tal på kor mange redningsaksjonar han har deltatt i gjennom eit langt liv som frivillig i hjelpekorpset.

– Å vere frivillig gir veldig mykje og det er god trim. Vi har det sosialt og så lærer vi mykje. Det er synd å seie det, men vi lærer av andre sine tragediar, seier Wollmann.

Torbjørn Gjøsdal Wollmann står i ein Røde Kors-refleksvest og snakkar inn i ein radio. Han står vendt mot ein annan person med blå skihjelm på. I bakgrunnen ser vi snødekte fjell.

Torbjørn Gjøsdal Wollmann har vore frivillig og aktiv i Røde Kors i mange år, og påska er ofte ei travel tid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bekymra for eldrebølga

I framtida kan det bli færre frivillige som kan delta i redningsaksjonar, viser ein rapport utarbeidd av Institutt for samfunnsforsking for Røde Kors. Eldrebølga kjem, og i 140 kommunar vil folketalet gå ned. Mange av dei unge flyttar til byane.

– Skal du ut og leite etter folk i fjellet må du vere sprek nok til å handtere dårleg ver, du må kunne gå langt og vere ute om natta. Visst befolkninga i ein kommune er veldig gamal, vil det nødvendigvis vere færre å ta av, seier forskar Marte Slagsvold Winsvold.

Forskaren ser at lokallag i Røde Kors er bekymra for rekrutteringa i distrikta. Ofte er det her det skjer ulykker i naturen og ein har behov for denne beredskapen.

– Folk går seg bort i fjellet og må bli redda i område som er utsett for fråflytting. Det kan bli eit problem, seier forskaren.

Hilde Brandshaug Vikås

Hilde Brandshaug Vikås representerar FORF, ein organisasjon som jobbar for dei ulike frivillige organisasjonane som er engasjert i norsk redningsteneste.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fleire oppdrag

Representant for Frivillige organisasjonar sitt redningsfaglege forum (FORF), Hilde Brandshaug Vikås, ser at det framleis er mange som vil drive med beredskapsarbeid, sjølv om det er ein krevjande hobby. Det er stadig fleire søk- og redningsaksjonar.

– Vi har lyst å ha dei som er dedikerte og ynskjer å lære seg førstehjelp. Då er det å finne dei rette folka, seier Vikås.

Vikås trur at det er avgjerande at dei som skal drive med redningsarbeid får best mogleg tilrettelegging.

– Det er viktig at arbeidsgivarane tar ansvar og gir dei fri når til dømes nokon er sakna i lokalsamfunnet, seier Vikås.

Les også – Fjellvettreglene trumfer all teknologi

Redningsaksjon, Røde Kors

Aldri for gammal

I skibakken i Ørsta er Torbjørn ferdig for dagen.

56-åringen er ikkje redd for rekrutteringa i sitt lokalsamfunn, for der er det nemleg mange unge som har lyst å bidra. Han trur likevel at det kan vere problematisk enkelte stader.

– Gruppa vår møtte opp på aksjon ein annan stad, der det berre stilte tre personar frå det andre hjelpekorpset. Det er ikkje noko stas, seier Wollmann.

No har han ikkje helse til å springe på dei brattaste fjelltoppane når folk må hentast ut med båre og helikopteret ikkje kan lande. Det overlèt han til dei yngre.

– Dei som er best spring først og så kjem vi andre etter. Eg tek over når dei treng andre treng ei pause, seier Wollmann. Han kjem til å vere aktiv så lenge han orkar, og deretter gå over til Røde Kors si besøksteneste. Der er alderen inga hindring.

Torbjørn Gjøsdal Wollmann går i ein Røde Kors-refleksvest og skuvar ein pulk framfor seg. Han er tydeleg i botnen av ein skibakke, og bak han ser vi både skiheis og skiløparar som kjem nedover lia.

56-åringen seier han ikkje kjem til å greie skuve rundt på pulken for alltid, men er viss på at han alltid vil vere aktiv i Røde Kors.

Foto: Arne Flatin / NRK

Les også Blir du teken av snøskred, kan du risikere å ikkje bli berga

Her skjønner Bohuš Roško at han har utløyst et snøskred.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL