Hopp til innhold

Blir du teken av snøskred, kan du risikere å ikkje bli berga

Røde Kors ber alle om å vurdere tryggleiken før ein legg ut på tur. Skredfaren er nokre stadar så stor at det ikkje er forsvarleg å sende inn hjelpemannskap.

Her skjønner Bohuš Roško at han har utløyst et snøskred.

SKREDFARE: Det er stor snøskredfare i store delar av landet fredag.

Foto: skjermdump

– Me fant raskt ut at det ikkje er forsvarleg å sende inn mannskap med tanke på eigen tryggleik. No er skredfaren så stor og me ofrar ikkje våre eigne liv for å kome fram for å sjå om det eventuelt er folk der, seier operativ leder i lokalt Røde Kors i Røldal, Jostein Skeie.

Røde Kors i Røldal rykka ut med alle tilgjengelege mannskap då alarmen gjekk like etter midnatt. Dei hjelpte politiet i å kartlegge skredområdet og konklusjonen var at det er altfor farleg for hjelpemannskapa å bevege seg inn i skredområdet.

Han trur ikkje nokon blei tatt av raset.

– Me ser tydeleg at det ikkje er noko bilspor som fører inn til skredet. Så da me i natt valde ikkje å gå inn i området var me ganske sikre på at det ikkje var folk der. Ingen er meldt sakna.

Røldal Røde Kors Hjelpekorps og Odda Røde Kors Hjelpekorps på oppdrag.

Natt til fredag hjelpte Røde Kors i Røldal politiet med å kartlegge eit skredområde, men konkluderte i at det var for farleg å bevege seg inn i området.

Foto: Røldal Røde Kors Hjelpekorps

Torsdag hjelpte frivillige frå Røde Kors i ein redningsaksjon på Trolltunga, der to turistar ikkje kom seg ned grunna vanskeleg ver.

– Ein ganske uvanleg situasjon

Grunna store snømengder og omfattande skredfare ber Røde Kors alle vurdere tryggleiken nøye før ein legg ut på tur.

Les også Då snøskred stengde Bergensbana måtte passasjerane overnatte på toget: – Grei natt trass alt

Tore Hellebø og Sindre Boge var blant 180 togpassasjera som overnatta på Myrdal stasjon i natt. I 0930-tida fredag var dei nede i Flåm, der buss skulle skysse dei vidare.

– Det har blitt ganske mykje snø dei siste dagane, og spesielt det siste døgnet. Eg vil seie me er i ein ganske uvanleg situasjon no, seier nestleiar for Røde Kors Hjelpekorps, Kenneth Gulbrandsøy.

Skredvarslinga frå Varsom.no har satt faregrad fire, som betyr stor snøskredfare, på Sunnmøre, Indre Fjordane, Voss, Hardanger og Heiane.

Bildet viser snøskredfaren i Sør-Norge.

Det er stor snøskredfare fleire stadar i landet.

Foto: Varsom.no

I resten av landet, med unntak av nokre område i Nord-Norge, er det varsla faregrad tre, som er betydeleg fare for snøskred. Varslinga gjeld for fredag, men det er også snøskredfare laurdag.

– No er det eigentleg berre å la vere å dra i fjellet, i alle fall i skredfarlege område. Det er såpass vanskeleg berre det at det er dårleg sikt, vind og mykje snø i tillegg til at det er høg skredfare.

Røldal Røde Kors Hjelpekorps og Odda Røde Kors Hjelpekorps på oppdrag.

Røde Kors i Røldal valte natt til fredag å ikkje gå inn i eit skredområde, grunna fare for eigne liv.

Foto: Røldal Røde Kors Hjelpekorps

To årsaker til skredfaren

Fleire fjellovergangar er og har vore stengde. Røde Kors ber reisande om å vurdere unødvendige bilturar. Viss ein må ut på bilturar i Sør-Noreg meiner Røde Kors det er fornuftig å ha med ekstra mat og drikke, varme kler, førstehjelpsutstyr og spade.

Solveig Kosberg er vakthavande i Snøskredvarslinga hos NVE. Ho seier at det er to årsaker til at faregraden er fire; sterk vind og mildvêr.

Les også Her blir Bohuš tatt av snøskred: – Den mest skremmande augneblinken i livet mitt

– Mildvêret gjer snøen svakare, og me har eit vedvarande svakt lag frå før som ligg ned i snødekket mange plassar. Om det losnar skred, kan det losne så djupt at skreda blir veldig store.

Kosberg jobbar no med prognosen for skredfaren laurdag og sundag.

– Det ser ut til at det skal roe seg litt til i morgon.

Bør vente minst eit halvt døgn

Gulbrandsøy seier at vêret er nøydd til å roe seg før han rår folk til å dra ut på fjelltur igjen.

– Ein bør vente i alle fall eit halvt døgn før ein oppsøker snøen, kanskje meir, det avheng av snøen og forholda.

– Men om det blir fint ver i løpet av helga er det berre å reise ut på ski, men ikkje oppsøk skredfarlege terreng.

Kosberg i snøskredvarslinga seier ho ville vore veldig forsiktig med å bevege seg i nærleiken av bratt terreng.

– Hold skikkeleg god avstand til bratt terreng, for no kan det losne store skred av seg sjølv.