Hopp til innhold

– Bensinselskapa gjer narr av oss

Bur du på ein plass med ekstra dyr bensin? Du er ikkje aleine. Konkurransetilsynet har lagt merke til særleg fem stader i Noreg med dyrt drivstoff.

Bensinprisar Molde vs Malmefjorden, nær 7 kroner forskjell.

NESTEN 7 KRONER: På nøyaktig same tid, med 9,9 kilometer avstand.

Foto: FOTOMONTASJE: Webjørn S. Espeland / NRK

På den eine stasjonen er prisen 25.92 kroner.

På nøyaktig same tid, 9,9 kilometer unna, er prisen 19.19 kroner.

Det er få ting som gjer folk flest meir konspiratoriske enn prisen på drivstoff.

Kva er det som skjuler seg bak mysteriet bensinprisar?

Yngve Øverli gravemaskinførar i gravemaskina si.

Yngve Øverli grev ned ein oljeutskiljar til ny ambulansestasjon i Hustadvika.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Boikott!

– Dei gjer jo narr av oss, seier Yngve Øverli.

Han er gravemaskinførar og fyller rundt 600 liter drivstoff i månaden. Med sju kroner forskjell betyr det at han sparer over 4000 kroner på å køyre den ekstra mila ut frå Molde. Eller nær 50.000 kroner i året.

– Det er vel forbrukarane som bør ta tak og boikotte, seier Øverli.

Han fortel om ein slik boikottaksjon på Åndalsnes, der folk fylte utafor bygda til stasjonane sette ned prisane.

RB om bensinpriser

Bensinprisar og boikott er ein gjengangar på avisenes klageside. Her frå dei siste vekene i Romsdals Budstikke.

Faksimile: Romsdals Budstikke

For fleire år sidan var det ein vellukka aksjon for billegare drivstoff – kanskje ikkje så overraskande – på Sunnmøre.

– Korleis trur du dei bestem bensinprisane? Eg har aldri skjønt det.

– Nei, ikkje eg heller. Dei prøver seg vel berre fram. Så ser dei at det går, og så held dei seg der, meiner Øverli.

Saueflokk amok

Det stadfestar Jan M. Kleven, som er administrerande direktør i Bunker Oil.

– Det er vanskeleg å finne gode forklaringar. Det er ein saueflokk dette her. Seier ein sau bæ, så brekar dei andre med, for ingen vil vere dårlegast. Idiotiet held på som før!

– Korleis set de prisen?

– Me brukar masse energi på å sjå kva andre gjer, og har eit spionnett der ute. Det er svært krevjande.

Jan M. Kleven

Jan M. Kleven i Bunker Oil, eit selskap grunnlagt i 1992 i Ålesund.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Kleven fortel at det plutseleg kan oppstå priskrigar, nett som på marsipan i påska eller ribbe i jula.

– Da går alle amok. No er det heilt berserk i Ålesund! Det øydelegg all inntening for oss. Me må sele med tap, elles mistar me kundane.

– Korleis kan Bunker Oil ha fire kroner forskjell på to mil?

– Me ser på stasjonane rundt og justerer etter dei.

– Det florerer av påstandar om prissamarbeid mellom kjedene. Kva seier de til det?

– Ja, takk! Det skulle me gjerne hatt. Men eg kan love 110 prosent at det har me ikkje. Det ville spart oss for enormt med ressursar, men er sjølvsagt forbode, seier Kleven.

Både Circle K og Uno X har svart liknande – om ikkje like friskt – på NRKs spørsmål.

Les også Nybilsalet er på veg opp, og det kan kjøparane tene på

Bilselger åpner døra på en ny bil

Tromsø, Harstad og Molde

Konkurransetilsynet kan fortelje at dei gjennom media har merka seg særleg fem stader i Noreg med høgare prisar enn omlandet: Molde, Mosjøen, Harstad, Tromsø og Alta.

– Det er store lokale variasjonar. Til vanleg vil prisane vere billegare til fleire bensinstasjonar det er på staden. Så har også avstanden ein må transportere drivstoffet ein del å seie, fortel Stig Bjugn.

Stig Torje Bjugn, Konkurransetilsynet

Stig Torje Bjugn er seniorrådgivar i Konkurransetilsynet, og har dei siste åra samla inn tal på drivstoffprisane.

Foto: Konkurransetilsynet

Han fortel at tilsynet følgjer ekstra nøye med på stadene der avisene skriv om høge prisar. Og der kundar klagar.

– Kva seier du om teoriane om prissamarbeid?

– Ved mistanke om ulovleg samarbeid vil me ta det på største alvor. Men dette kan like så godt handle om at dei følgjer tett med på kvarandre, seier Bjugn.

Ting blir ikkje ulovlege før det er kontakt mellom konkurrentane, fortel tilsynet.

Les også Noreg nekta plass på klimamøte på grunn av oljepolitikken

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)på COP28 i Dubai

Og jo nærmare stasjonane ligg, jo enklare er det for dei å følgje kvarandre. Det er kanskje grunnen til at nokre byar har konsekvent høgare prisar.

Drivstoffappen Molde

Drivstoffappen viser store forskjellar så fort du kjem ut av sentrum av byen.

To store prishopp i veka

Fram til 2017 var det ein fast regel at kjedene sette opp prisane kvar måndag og torsdag, men no variar det til ein viss grad kva dag dei gjer det på. Prishoppet er typisk på 3–4 kroner, fortel prisforskar Bjugn.

– Ein har (heldigvis) ikkje liknande prishopp på mjølk eller øl. Er dette unikt for drivstoff?

– Eg kjenner ikkje til andre område med sykliske priser med så store utslag på så kort tidsperiode. Men me ser tilsvarande på prisane på drivstoff i andre land.

– Kvifor har dei desse prishoppa?

– For å auke innteninga. Me meiner det er ein type stilltiande einigheit som bidrar til svakare konkurranse.

Det er no fleire små aktørar som held prisen på eit fast og relativt lavt nivå.

– Kva bør me som forbrukarar gjere?

– Følg med og fyll der det er billegast – når det er billegast! Sjølv om du har meir igjen på tanken, for det går gjerne tre dagar til neste gong det er billig.

Bjugn i Konkurransetilsynet oppfordrar også til å bruke nye aktørar som ikkje følgjer dei gamle mønstra – og på sikt vil presse prisane ned.

Volvo 16 t gravemaskin ved hol.

Gravemaskinførar Øverli kan spare 50.000 kroner i året på å følge drivstoffprisane tett.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK