Hopp til innhold

Ekornes kan hamne i retten

Ekornes-oppseiingane i Stranda kan ende i retten.

Kåre Fjørstad
Foto: Åge André Breivik / NRK

Det utelukkar ikkje hovudtillitsvald Kåre Fjørstad etter at Ekornes-leiinga ikkje vil la dei oppsagde i Stranda konkurrere om jobbar på Ekornes i Sykkylven.

LES MEIR: Får ikkje jobbar i Sykkylven

Ville gå over til i Sykkylven

Tidlegare i januar fekk dei Ekornes-tilsette i Stranda beskjeden dei ikkje ville ha: Ekornes legg ned på Stranda .

Fleire av dei tilsette fortalde då NRK at dei håpa dei kunne få halde fram i Ekornes, ved avdelinga i Sykkylven. Men slik går det altså ikkje.

- Eg er både skuffa og forbanna over utviklinga i denne nedleggingssaka, seier Kåre Fjørstad til Sunnmørsposten .

Vil spørje alle

Fordi leiinga har bestemt seg for å bruke aksjemodellen når dei skal avgjere kven som må slutte, vert det uaktuelt å flytte nokon frå Stranda til Ikornnes, Vestlandske eller Tynes.

Dei som i dag jobbar i Stranda kan konkurrere om Ekornes-jobbar i Hornindal og på Hareid, men grunna typen arbeidsoppgåver er det berre fabrikken på Hareid som kan vere aktuell for dei fleste strandarane.

No vil Fjørstad spørje dei om lag 70 medarbeidarane om dei kan tenkje seg å jobbe på Hareid.