Får ikkje jobbar i Sykkylven

Dei tilsette ved Ekornes-fabrikken på Stranda får ikkje konkurrere om Ekornes-jobbar i nabobygda Sykkylven når fabrikken blir nedlagd.

Ekornes-fabrikken på Ikornnes

Fabrikken på Ikornnes - ikkje aktuell for Stranda-tilsette?

Foto: www.ekornes.no

Ekornes-konsenet ønskjer å leggje ned møbelfabrikken på Stranda, som har 67 årsverk. No er leiinga og fagforeininga samde om at dei som misser arbeidet på Stranda, skal konkurrere om jobbar med dei tilsette i fabrikkane på Hareid og Grodås, skriv Sunnmøringen.

To aksjeselskap

På Nordvestlandet har Ekornes-konsernet to aksjeselskap: Ekornes Møbler AS med fabrikkar på Stranda, Hareid og Grodås, og J. E. Ekornes AS med hovudanlegget på Ikornnes, tidlegare Johan P. Tynes AS og tidlegare Vestlandske Møbler AS, alle tre i Sykkylven.

Konserntillitsvald Asbjørn Sjåstad seier til avisa Sunnmøringen at det var tre ulike modellar for korleis utveljinga til jobbane i konsernet skulle gjerast i samband med innskrenkinga. Dei kunne sjå på kvart anlegg for seg, på kvart av dei to aksjeselskapa for seg eller på konsernet samla.

- Etter klare juridiske vurderingar blei det valt å sjå på kvart dei to aksjeselskapa for seg. Det betyr at dei tilsette på Stranda, Hareid og Grodås no blir vurderte for jobbane på Hareid og Grodås, seier Sjåstad.

Stranda-tilsette kjempar framleis

Tillitsvald ved Ekornes Stranda, Bjørg Solli, seier at dei ikkje har gitt opp. - Vi arbeider framleis for at Ekornes skal vurdere alle dei tilsette i konsernet samla, seier ho.

Les også Ekornes legg ned på Stranda