Hopp til innhold

Rår unge designarar til å vere nysgjerrige

Designguruen Einar Johan Hareide fekk 40 elevar til å møte opp utanom skuletid då han avslørte nokre av løyndomane sine måndag kveld. Hareide har kjend verda over for å ha teikna spektakulære bilar og båtar.

Einar Johan Hareide held foredrag på Sjøborg

57-åringen er mest kjend for bildesigna sine og har mellom anna vore designsjef i svenske Saab.

Foto: Victoria Røren / NRK

Mest kjend er kanskje den verdskjende industridesigneren for jobben han har gjort for det svenske bilmerket Saab i ei årrekkje. 57-åringen frå Hareid har motatt ei rekkje prisar og utmerkingar for arbeidet og engasjementet for design.

Måndag kveld var han tilbake i heimtraktene, og heldt foredrag i Ulstein.

– Det viktigaste ein kan gjere som designar er å stille spørsmål. Ver nysgjerrig på det som skjer rundt om i verda, oppmoda Hareide forsamlinga.

Oppskrift på suksess

Sunnmøringen som i 2000 etablerte Hareide Design i Oslo, vitja Sjøborg kulturhus for å fortelje unge designspirer om kva som inspirerer han og kva som må til får å lykkast i bransjen. Ifølgje Hareide er målet er å inspirere dei unge til å tenkje nytt og på ein litt annan måte.

– Prøv å tenk på ein annan måte. Det er viktig å ikkje låse seg fast i eit tankesett, ein må heile tida prøve noko nytt. Ein må la seg inspirere, seier Hareide med glimt i auget.

Bodskapen godt motteken

Og det såg ut for at bodskapen frå designguruen gjekk inn. Meir enn 40 elevar frå kunst, design og arkitekturlinja ved Fagerlia videregående skole i Ålesund var måndag kveld i salen for å høyre på Hareide.

Elever ved Fagerlia videregående skole

Design- og handverkelevane ved Fagerlia videregående skole var spente på foredraget då dei møtte fram. F.v. Charlotte Nilsen Akerø, Maria Kupen With, Emilie Homlong

Foto: Victoria Røren / NRK

Vi trur det er viktig å vere kreativ, ikkje gje opp og prøve å tenkje heilt nytt, seier Charlotte Nilsen Akerø, Maria Kupen With og Emilie Homlong.

Det er ingenting som gler meg meir enn at det er så mange unge til stades. Då tenkjer eg tilbake på då eg sjølv var ung. Eg håper å kunne dele erfaringar og råd for å inspirere dei, kvitterte Hareide.

Spark bak

Mange av sunnmørsreiarane har hatt ei tung tid, og mange har mist arbeidet på grunn av nedgangen i oljeindustrien. Også Hareide har fått smake nedgangstidene, men ser ikkje det som berre negativt.

– Av og til er det bra med eit spark bak slik vi blir nøydde til å tenkje nytt og på ein annan måte. Ein kan alltid vende problema til noko positivt, seier Hareide.

Gledde seg over oppmøtet

Det var Ulstein Rotary som sto bak invitasjonen, og styremedlem Gunnar Wiik er svært begeistra over at så mange unge deltok på foredraget.

– Dei unge veit kva kapasitet han har. Det er flott å sjå at så mange unge kjem og har lyst til å la seg inspirere, seier Wiik.