Hopp til innhold

Tiltalt for å ha øydelagt kulturminne frå steinalderen

Kommunearbeidaren venta ikkje på arkeologen før han sette i gang gravearbeidet. No er han tiltalt for å ha øydelagt eit fleire tusen år gamalt kulturminne.

Øydelagt kulturminne Kristiansund

Funna som er gjort i det verna området skal ifølge fylkeskonservatoren vere mellom 6000 og 8000 år gamle.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Det skal ha gått hardt ut over buplassen frå steinalderen då gravemaskinføraren gjekk i gang med grabben i fjor sommar. Mannen som no er tiltalt skal ha hatt hovudansvaret for å grave ei grøft ved det verna kulturminnet i Kristiansund, men skulle vente på arkeolog som skulle gje endeleg klarsignal.

Det gjorde han ikkje, ifølgje tiltalen.

No er han skulda for å ha brote kulturminnelova og kan bli straffa med bot eller fengsel.

Helleristning på Skavberget

Ei hellerissing frå yngre steinalder.

Foto: Vibeke Paulsen Cerón

6000 til 8000 år gammalt

Området i Kristiansund som no skal vere øydelagt var viktig for å seie noko om fortida vår. Her har folk budd i endelause tider, og funna viste at det var stor aktivitet i steinalderen.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad meiner området som skal vere øydelagt var mellom 6000 og 8000 år gamalt.

– Sånn vi oppfattar det er det eit brot på kulturminnelova. Difor har fylkeskommunen meldt det til politiet, seier han.

Ringstad seier at kvar buplass er som ein brikke i eit puslespel og dess fleire ein har, dess betre kunnskap får vi om kulturhistoria. Det finst hundrevis av slike buplassar spreidd i Møre og Romsdal, men frå ulike tidsperiodar.

– Uerstattelege verdiar er tapt

Aktor i saka, Ove Brudevoll, seier det som skal ha skjedd ved kulturminnet i Kristiansund er alvorleg.

Ove Brudevoll

Aktor Ove Brudevoll meiner det ikkje er utvist nok forsiktigheit i arbeidet som førte til skaden på kulturminnet, og at det difor er grunnlag for straff i saka.

Foto: Roar Halten

– Når økonomiske gode blir krenka er det alltid mogleg å gjenopprette. Anten det er skadeverk eller tjuveri, kan ein alltid erstatte gjenstanden. Men her er det uerstattelege verdiar som har gått tapt. Det gjer det alvorleg.

Forsvarar Åge Gustad seier til NRK at den tiltalte ikkje erkjenner straffskuld. Han vil ikkje kommentere saka nærare før den skal opp i tingretten mot slutten av september.

Øydelagt kulturminne Kristiansund

Det skal ha vore eit akutt problem med flaumande vatn gjorde at dei måtte grave.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Løyste akutt problem

Assisterande byingeniør i Kristiansund kommune, Vidar Dyrnes, seier det var eit akutt problem med flaumande vatn som gjorde at dei måtte grave i området, for å leie vekk vatnet.

– Vi hadde ei avtale med kulturvernmyndigheitene om korleis arbeidet skulle gjerast. Ved eit uhell vart eit område med kulturminne rørt ved før ein arkeolog var på plass, slik som avtalen var.

Han seier dei umiddelbart varsla myndigheitene, og at dei har gjort det dei kan for å rette opp feilen. Blant anna har det vore gjort ei arkeologisk utgraving.

– Dette er ein lei sak for alle partar. Det positive i saka er at det ikkje er snakk om personskadar, seier Dyrnes.

Øydelagt kulturminne Kristiansund

Byingeniøren i Kristiansund kommune seier det var eit uhell at området vart rørt før arkeolog var til stades.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK