Ein i drosje og ein i arresten

Allereie i 21.30-tida fredag kveld valde ein mann i 40-åra å ta drosje heim. Før han tok til fornuften hadde den rusa mannen først nekta å gå frå ein utestad i Molde. På Gomalandet i Kristiansund eit par timar seinare blei ein rusa mann i 20-åra framstilt for lege og deretter sett i fyllearresten. Då hadde han vore agressiv og utagerande mot politiet, og saka blir meldt.