NRK Meny
Normal

Ei ny tid for høgskulen i Ålesund

Jubelen stod i taket ved høgskulen i Ålesund då det blei kjent at NTNU seier ja til friaren frå Sunnmøre som så gjerne vil slå seg i lag med universitetsgiganten i Trøndelag. Ein gledens dag, seier høgskulemiljøet i Ålesund.

Høgskolen i Ålesund

Høgskulen i Ålesund blir truleg ein del av det største universitetsmiljøet i Noreg. Dei 2000 studentane blir etter fusjonen ein del av ei samla studentmiljø på nær 38 000 studentar. Høgskulen blei etablert i 1994.

Foto: Høgskolen i Ålesund

– Det såg svart ut då dei tilsette i NTNU- styret var negative til at vi skulle slå oss saman, men heldigvis blei det fleirtal for å ta imot oss. Så no tar vi gjerne i mot gratulasjonar, seier ein hoppande glad ålesundsrektor, Marianne Synnes.

Marianne Synnes, høgskolerektor Ålesund

Dette blei ein skikkeleg gladdag for både høgskulen og den maritime klynga på Sunnmøre, meiner rektor Marianne Synnes.

Foto: Høgskolen i Ålesund

Størst i landet

Høgskulen i Ålesund blir med dette ein del av det største universitetet i landet fordi vedtaket i dag omfattar ei samanslåing av høgskulane både i Ålesund, Sør-Trøndelag og Gjøvik.
Samnaslåinga skal godkjennast politisk, men dét blir sett på som formalitetar.

– Dette er viktig fordi vi har markert oss sterkt innan teknologi. Og vi ser at ein fusjon med NTNU og dei andre høgskulane, som er sterke på teknologi, verkeleg vil styrke det fagområda. I prosessen har vi også sett at dette vil styrke helsefaga våre og det er også veldig positivt, seier Synnes.

Ho trur også at samanslåinga vil gi høgskulen i Ålesund faglege gevinstar og eit betre merkenamn. Dette vil på sikt gi betre rekruttering til Campus Ålesund, som skulen vil heite etter samanslåinga.

Kantine

Høgskulen i Ålesund hentar studentar frå heile landet. Samanslåinga med NTNU vil auke rekrutteringa, meiner leiinga.

Foto: Maria Kristina Vevang/NRK

Maritime med på laget

Det har vore svært viktig at det maritime miljøet på Sunnmøre har ivra sterkt for ei samanslåing, meiner Synnes.

– Dei ser nytten av dette. Det har tidlegare vore sagt at NTNU er ein trugsel mot oss, fordi dei er så mykje større enn oss. Høgskulen er jo liten og gode på eit smalt område, men no når vi går saman med NTNU kan vi tilby eit mykje breiare fagområde innan kompetanse for nærings- og arbeidslivet i vår region, seier rektoren.

Synnes vil ikkje spå når samanslåinga blir gjennomført.

– Vi startar med planlegginga og samtalar alt i morgon. Det er først no fusjonsforhandlingane startar og då må vi finne gode organisasjons- og leiingsmodellar som kan styrke alle i deltakrane, seier ho.

Ulike syn

Medan ålesundarane jublar over å slå seg saman med trønderane, ønskjer leiinga ved høgskulane både i Volda og Molde å halde fram åleine.

Bakgrunnen for diskusjonen om framtida for høgskulane, er at Kunnskapsdepartementet ønskjer innspel til ei stortingsmelding om strukturen i høgskule - og universitetssektoren.