Hopp til innhold

Kvinne ringde 112 – så la ho telefonen i lomma

Sjølv om ho ikkje sa noko, skjønte politiets operasjonssentral alvoret då dei seint ein laurdagskveld fekk ein telefon frå ei kvinne.

Illustrasjonsbilde av ein telefon som ringer til politiets nødnummer, 112.

ILLUSTRASJON: Kvinna klarte å ringe til 112 utan at mannen, som ikkje lét ho gå, merka det.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Dei var begge ute for å kjøpe nattmat, då ein mann seint i 20-åra spurte kvinna om ho ville bli med han heim, for å ete maten sin der, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Og det gjorde ho.

Men, etter kvart vart situasjonen mindre hyggeleg. Kvinna sa til mannen at ho ville gå heim, men dette nekta han ho i å gjere.

Han hadde sett seg på ein stol tett attmed, for å hindre ho frå å komme seg ut.

Ifølgje dommen skal mannen ha spurt kvinna om eit kyss, men det ville ikkje ho. Ho hald fram med å seie at ho ville heim, men han nekta.

Ringde 112

Kvinna opplevde at mannen vart meir og meir irritert og sint. Ho tok fram mobilen, og sa ho skulle sende ei melding til ei venninne. I staden ringde ho til politiets nødnummer 112, før ho la telefonen i lomma.

Sjølv om dei ikkje kunne snakke med kvinna, så skjønte politiets operasjonssentral at ho trengde hjelp. Så dei sende ein politipatrulje dit ho var.

Politiet vil ikkje kommentere denne hendinga spesielt, men seier dei får mange slike samtalar inn i løpet av eit år.

– Nokon samtalar er lommeringing eller nokon som tulleringer. Men andre samtaler kan vere reelle nødssituasjonar. Då er det operatøren si oppgåve å lytte til kva det er som skjer, seier leiar ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal, Erik Steen Mikalsen.

Han seier at politiet kan sjå den nøyaktige posisjonen din, om dei har behov for det.

Erik Steen Mikalsen står i ein blå politiuniform og ser rett i kamera. Bak han er det ein blå vegg med logoen til politiet.

Erik Steen Mikalsen seier politiet helst ønskjer at du snakkar med dei, men om det ikkje er mogleg, så kan du gjer slik som kvinna gjorde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Politiet kom på døra, men gjekk igjen

Ein halv time etter at ho slo nødnummeret, bankar det på døra der mannen og kvinna er. Det er politiet.

Dei spør mannen om kven som er heime hos han. Han svarer at det berre er han, og romkameraten har bur med. Politiet slår seg til ro med det, og beveger seg vidare i bygget.

Men, medan mannen snakka med politiet, tek kvinna opp telefonen sin. Ho fortel til operasjonssentralen at ho ikkje klarer å komme seg derifrå.

Operatøren sender politipatruljen tilbake igjen. Der fant dei kvinna, og mannen vart teken med og sett i varetekt.

Saka var oppe for tingretten denne veka. Mannen vart dømt til fengsel i 70 dagar for det han har gjort. Og må betale 25 000 kroner i erstatning til kvinna.

– Han har førebels ikkje bestemt seg om han vil anke saka eller ikkje, seier advokaten til mannen, Torgeir Hovland Langva.

NRK skreiv i ein tidlegare versjon at politiet reiste frå staden, men har seinare retta det til at dei bevegde seg vidare i bygget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL