Hopp til innhold

Du kan bli friskare utan desse

Omlag ti menneske i landet døyr dagleg som følgje av skade, behandling eller feilmedisinering. I dag møtes sjukepleiarar og legar i Kristiansund for å bli flinkare til å gje rett medisin til sjuke og gamle.

Tabletter

Helsepersonell vedgår at mange pasientar kunne klart seg betre utan medisinar.

Foto: Julija Sapic / Colourbox

For feilmedisinering er eit stort problem i det norske helsevesenet. Dagleg døyr omlag ti menneske i landet som følgje av skade, behandling eller feilmedisinering.

No vedgår også helsepersonell at mange pasientar kunne klart seg betre utan medisinar.

– Betre utan medisin

Helsetilsette frå Aure og Tustna

Frå venstre tilsynslege Carmen Schulz, avdelingssjukepleiar Elisabeth Halsbog og sjukepleiarkoordinator Liv Kristin Valaas på kurs i Kristiansund.

Foto: Anne Mari Flatset

Sjukepleiarkooridnator Liv Kristin Valaas i Aure er ei av dei som torsdag møtest i Kristiansund for å bli flinkare til å gje rett medisin til sjuke og gamle. Ho har erfart at pasientar i ein del tilfelle har det betre utan medisin.

– Det er svært mange pasientar som står på mykje medisin over mange år, kanskje har dei ikkje behov for det, seier Valaas.

Kvar tredje pasient med unødvendig medisin

Og erfaringa til Valaas er ikkje unik. Feil medisinering gjer at mange pasientar på norske sjukeheimar lir unødvendig:

  • Kvar tredje pasient står på minst ein unødvendig medisin
  • Minst ein av ti sjukehusinnleggingar av eldre på medisinsk avdeling kjem av feil bruk av medisinar
  • Eldre over 65 år står for nesten halvparten av den totale legemiddelbruken i landet, trass i at dei utgjer berre 15 prosent av folketalet

Ifølgje tal frå den nasjonale pasienttryggingskampanjen "I trygge hender" døyr dagleg omlag ti menneske i landet som følgje av skade, behandling eller feilmedisinering.

LES OGSÅ:
Mykje feilmedisinering i sjukeheimane
– Hjerteskjærende å se hvor neddopet mannen min var
Advarte mot feildosering av medisin – flere døde av forgiftning

Samling i Kristiansund i dag

Inger Takle

Avdelingssjukepleiar Inger Takle seier nokre blir friskare av å ta mindre medisin.

Foto: Anne Mari Flatset

40 prosent av sjukeheimane i Møre og Romsdal er med på den nasjonale kampanjen, og dette er langt betre enn målsettinga til regjeringa.

Torsdag skal det vere ei samling av 100 sjukepleiarar og legar frå ei rekkje sjukeheimar frå heile Møre og Romsdal for å bli flinkare til å gje sjuke og gamle rett medisin.

– Vi er kjempestolt, seier fagutviklar Inger Lise Lervik ved utviklingssjukeheimen Rokilde i Kristiansund.

Betre livskvalitet

Avdelingssjukepleiar Inger Takle i Kristiansund seier nokre blir friskare av å ta mindre medisin.

– Vi har historier om pasientar som har kome inn med ganske sterke medisinar, roande, antipsykotiske medisin, som har kome seg og flytta ut av sjukeheimen etter at medisinane blei tekne bort, seier Takle.

Ho seier livskvaliteten ofte har blitt betre for pasienten etter at han eller ho har slutta på medisinen.

– Blodtrykket er så lågt når dei står på blodtrykkssenkande medisin, når vi tek bort medisinen så kjem blodtrykket litt opp, og da blir dei ikkje så svimmel og har ikkje falltendensar, seier Takle.

– Situasjonen endra seg totalt

Også Liv Kristin Valaas seier dei har ei lita solskinshistorie om ein pasient som kom inn med ein dose Risperdal, som er roande medisin.

– Pasienten hadde skapt stor uro på avdelinga, var lite samarbeidsvillig og vanskeleg å motivere under stell og trening. Han var også svært aggressiv til tider, seier Valaas.

– Då vi tok bort medisinen endra situasjonen seg totalt. Pasienten blei meir vaken og lettare å samarbeide og kommunisere med, og stress og uro på avdelinga fall betrakteleg. Pasienten fekk ein mykje betre kvardag, seier ho.