Hopp til innhold

Dømt til fleire års fengsel

Ein mann i 20-åra frå Romsdal er dømt til fengsel i fire år og seks månader for å ha valdtatt ei kvinne medan ho sov. Ifølge dommen stoppa han heller ikkje valdtekta då kvinna vakna, og trua ho så med ein kniv mot halsen og ved å halde ho fast mot senga, trass i at ho gjorde motstand.

Den dømde mannen nekta for overgrepet og dei to partane hadde ulike forklaringar om kva som hadde skjedd. Mannen forklarte også at han huska lite av det som skjedde fordi han var ruspåverka. Retten la derimot vekt på forklaringa til den fornærma kvinna. Dei baserte dette på ei vurdering av dei samla bevisa i saka.

Mannen blei tidlegare i år dømt til ni månader i fengsel for andre lovbrot. Dommen no er ein tilleggsdom til dette.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale 250.000 kroner i erstatning til kvinna.