Hopp til innhold

Dømt for seksuell handling med eit barn under 14 år

Ein mann i 60-åra er dømt til fengsel i ni månader for å ha gjort ei seksuell handling med eit barn under 14 år. Overgrepet skjedde på eit badeanlegg i Romsdal i 2019.

Mannen erkjente ikkje straffskuld då saka blei behandla i Møre og Romsdal tingrett nyleg.

Retten la derimot vekt på forklaringa til den fornærma og andre bevis i saka. Dei dømde difor mannen til fengsel.

I tillegg til fengselsstraffa er mannen også dømt til å betale 90.000 kroner i oppreisingserstatning til den fornærma.