Hopp til innhold

Direktorat slår alarm

Direktoratet for strålevern slår alarm overfor Helse Møre og Romsdal før den planlagde innføringa av helseplattforma.

Avisa Møre skriv at direktoratet er uroa viss innføringa skjer før risikovurderingar av pasienttryggleiken og forsvarleg strålebruk er ivaretatt.

Direktoratet meiner risikonivået for radiologi er raudt, og at avvik ved St.Olavs framleis ikkje er lukka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL