Hopp til innhold

Klubben fostra Karsten Warholm - no er eit nytt stortalent på gang

Klubben har fostra OL-vinnaren Karsten Warholm. No er Dimna IL i Ulstein ferd med å få fram nok ein hekkeløpar i verdsklasse.

Lovise Skarbøvik Andresen, Dimna IL

Lovise Skarbøvik Andresen er det største friidrettstalentet Dimna IL har hatt sidan Karsten Warholm.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg trur ikkje det er noko grense enno i alle fall. Så lenge eg klarer å halde meg skadefri og får trene godt så er det ingen grenser trur eg.

Lovise Skarbøvik Andresen har nettopp fått spørsmål om kor langt ho kan nå. Stortalentet er tatt ut på landslaget i friidrett for seniorar. Ho skal springe 60 meter hekk innandørs under Nordenkampen til helga.

Og 20-åringen gler seg til å konkurrere for Noreg på dette nivået.

– Det er veldig gøy å få representere Noreg på noko anna enn aldersbestemte klasser.

Lovise Skarbøvik Andresen, Dimna IL

Til helga debuterer stortalentet på det norske landslaget i friidrett for seniorar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I Warholm sine fotspor

Lovise Skarbøvik Andresen er frå Ålesund, men spring for Dimna IL i Ulstein. Det namnet kling godt i norske friidrettsentusiastar sine øyre. Veldig godt.

Det var denne klubben som fostra Karsten Warholm. OL-vinnar med verdsrekord og VM-gull tre gongar på 400 meter hekk. Ein av dei største friidrettsstjernene i verda.

Les også Det menneskelige mirakel

Warholm

No er ein ny hekkeløpar frå Dimna IL i ferd med å ta spranget inn på den internasjonale arenaen. Sportsleg leiar Arve Hatløy trur Lovise Skarbøvik Andresen kan nå langt.

– Ho er på eit internasjonalt nivå allereie. Og ho er vel den beste vi har hatt etter Karsten. Det er opp til ho sjølv kor langt ho kan nå.

Og mannen som følgde den unge Karsten Warholm på nært hald gjennom mange år, er stolt over at klubben har klart å fram ei ny hekkeløpar på toppnivå.

– Det er veldig kjekt at vi får til det. Det er mange som har jobba hardt, ikkje minst Lovise sjølve. Alle som trener i lag med ho, skal ha litt av æra for at vi får fram nye stjerner.

Lovise Skarbøvik Andresen og Arve Hatløy i Dimna IL

Sportsleg leiar i Dimna IL, Arve Hatløy, trur Lovise Skarbøvik Andresen kan nå langt

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Satsar for fullt

Persen på 60 meter hekk innandørs er 8.15. Det er framleis eit stykke ned til den norske rekorden til Christina Vukicevic frå 2011. Den er på 7.83.

Men Lovise Skarbøvik Andresen er i framgang. Det går stadig fortare. For no satsar ho for fullt.

– Eg går ikkje på skule lenger. Eg har tatt meg eit friår. No blir alt fokus og all energi retta inn mot treninga.

Lovise Skarbøvik Andresen, Dimna IL

Lovise Skarbøvik Andresen har valt å satse for fullt på friidretten.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL