Diesel i sjøen

Truleg hamna mellom 6000 og 7000 liter diesel i sjøen i samband med fylling ved Bunker Oil sitt anlegg på Hessa i Ålesund rundt midnatt. Brannvesenet og politiet rykte ut, og det blei lagt ut lenser. Dei tilsette på anlegget skal ha fått kontroll på situasjonen. Kystverket er orientert om hendinga.