Hopp til innhold

Dette kan du bruke engangsgrillen til

Det er sommar og grillsesongen har starta for fullt. Kanskje er du litt lei av den klassiske grillpølsa? Her får du nokon av radiokokken, Mindor Klauset sine beste grilltips.

KLIPPFISK OG KVEITE

Stekt kveite og klippfisk i olje, salt og pepper servert med frisk salat og rømme.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Lukta av grilla kveite og klippfisk sprer seg over byparken i Ålesund. NRK har teke turen til parken for å få nokre tips om grilling med engangsgrill.

– Det er fort gjort å ty til pølse med brød når ein skal grille, men ein kan lage mykje godt engangsgrillen, for eksempel fisk, seier radiokokk, Mindor Klauset medan han serverer stekt fisk med salat og rømme.

Varmen er viktigast

Rdiokokken modifiserer grillen litt før han brukar den. Han har løsna rista på grillen, bretta opp allimiumskanten og plassert bøylen som grillen eigentleg skal stå på, på toppen av grillen.

– All matlaging med varme handlar om å få kontroll på varmen. Det er enda viktigare enn krydderet om ein skal lage god mat, forklarar han.

Rista er plassert på bøylen, slik at det vert eit gap mellom kol og rist.

– Problemet med eingangsgrillen er at rista ligg for nære kolet og det kan gjere at maten fort blir svidd, seier radiokokken.

Bruk olje på rista

Dersom ein vil gjere som kokken å bruke bøylen til å løfte rista, må ein finne ei erstatning. Ein kan for eksempel nytte stein eller alliminium for å løfte grillen frå bakken.

Klauset har fleire tips om korleis ein bør grille med engangsgrillen.

– Skyv kolet til eine delen av grillen slik at to-tredjedel av grillen er skikkeleg varm medan det er litt kaldare på eine sida. På denne måten kan ein kjøle ned kjøtet ved behov.

Avogtil hender det at maten set seg fast i grillen, men då er det viktig å ha is i magen.

– Ein kan smøre grillen med olje før ein startar for å unngå at kjøtet eller fisken brenn seg fast. Om det likevel skjer, er det best å berre la det bli liggande fordi kjøtet vil sleppe rista lettare når det er ferdig grilla, forklarar han.

Mykje skader med engangsgrill

Dessverre har det ofte hendt brannskader i forbindelse med grilling på engangsgrill. Brigadeleiar i Ålesund brannvesen, Leif Magne Andreassen har fleire sikkerheitstips.

– Grillen skal ikkje plasserast under eller over noko brennbart, seier Andreassen og fortel eit eksempel om nokon som hadde lagt grillen rett på treterassen sin.

Før ein forlet staden, er det veldig viktig at ein slukker grillen skikkeleg.

– Kolet held veldig lenge på varmen, så ein bør ta med ei flaske med vatn om det ikkje er vatn tilgjengeleg der ein er, seier brigadeleiaren.

Ein må aldri hive grillen i naturen, men ta den med seg og plassere den i eigna søppel.

mindor klauset

Mindor Klauset lærer NRK å steike fisk på engangsgrill, medan brannvesenet i Ålesund lærer oss sikkerheit ved grilling. Brigadeleiar, Leif Magne Andreassen er avbilda nummer to frå venstre.

Foto: Wilhelm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL