Hopp til innhold

Det var ruskut ut på - og det kan kome meir

Natt til fredag låg det eit stormsenter rett vest for Møre og Romsdal. Det var venta full storm utsatte stader, og kraftige vindkast inn over land.

Sterk vind over det meste av landet

I morgontimane var det sterk kuling ved Svinøy fyr, men det er venta at vinden aukar til liten og kanskje forbigåande full storm.

Kombinasjonen av sterk vind, store nedbørmengder og høge bølger kunne gi store øydeleggingar, varsla meteorologane.

Og det har dei også gjort i Rogaland og Hordaland, men ikkje her i fylket. Stormsenteret nådde i liten grad land, og fekk dermed få eller ingen konsekvensar i Møre og Romsdal.

Meteorologane var då også usikre på korleis «Aina» ville slå til i Møre og Romsdal. Rogoaland og Hordaland var dei sikre på ville bli ramma, medan dei var meir usikre på Sogn og Fjordane og den sørlege delen av Møre og Romsdal.

– Spørsmålet er om lågtrykket blir liggande over dei to fylka, noko som vil gi lite vind, eller om også dei kjem på baksida og får vinden med full styrke, sa Olsen.

Anne Solveig Andersen

«Aina» gjorde ingen skade i Møre og Romsdal, men den kan bli forbigåande storm i sør i ettermiddag, varslar Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal

Meir vind i ettermiddag?

Men i vår del av verda er det ikkje sagt at det er gjort med eit uvêr. For i dag seier Anne Solveig Andersen at det kan kome meir vind ut over fredagen.

– Nord i fylket er det rolege forhold, medan det ved Svinøy fyr er sterk kuling. Og ut over ettermiddagen aukar det på til liten storm, Det kan og bli forbigåande full storm. Lengst nord i fylket blir det ikkje liten storm før ut på kvelden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL