Hopp til innhold

Det er høgsesong for kjæledyr på rømmen

Hunden Bob måtte setjast på glattcelle, og politiet ville «sleppe han fri mot kausjon». Det er sommar og høgsesong for hundar og kattar på rømmen. Og politiet stiller opp.

Savnede hunder

Dette er et lite knippe hundar som enten har hamna i politiets varetekt eller som er blitt etterlyst via politiet de siste par vekene.

Foto: Twitter / Politiet

Politiet har hendene fulle med å finne rett eigar til rett katt. Til og med hestar må hentast inn langt frå heimen. Berre eit djupdykk i Twitterkontoane til politiet på Sunnmøre og på Nordmøre og i Romsdal viser over 15 tilfelle der kanin, hund, katt og hest er på rømmen dei siste vekene.

– Eg bør vel helst ikkje uttale meg, eg er ikkje særleg glad i verken hund eller katt, seier operasjonsleiar John Bratland og kneggar godt. Vi får denne typen meldingar til alle døgnets tider, og vi hjelper så god vi kan, legg han til.

Laster Twitter-innhold

Med få minutts mellomrom

Onsdagen er ein av dei verkeleg store «dyr på rømmen-dagane». Om lag klokka 12.50 er det ein St.Bernhards-hund laus i området rundt Molde videregående skole.

Laster Twitter-innhold

Den førre dyretweeten kom få minutt tidlegare. Den gongen skjedde det i Langevåg i Sula. Ein Cavalier King Charles Spaniel har teke seg ein tur i Sloghaugvegen.

Laster Twitter-innhold

Dette skjedde få timar etter dyretweeten som kom tidlegare på morgonen. Ein tipsar i Volda har sett ein stor, svart kanin i nabolaget. Den som saknar ein slik kanin kan kontakte politiet på 02800 for å få tips om kvar kaninen kan vere.

Laster Twitter-innhold

Meldingane strøymer på

Det er hundar som dominerer desse saknameldingane totalt. Det er terrierar, retrieverar og hundar politiet ikkje heilt klarer å definere rasen på.

– Det strøymer på med slike meldingar. Ofte handlar det om observasjonar av lause dyr. Og veldig mange privatfolk er flinke til å ta hand om desse dyra. Så brukar vi sosiale medier, og som regel klarer vi å setje dyr og eigar i kontakt med kvarandre, seier Bratland.

Laster Twitter-innhold

Har ikkje dyremottak

Det store problemet for politiet er rett og slett mangel på mottaksplass for dyr på rømmen. Ikkje sjeldan hamnar dyr på glattcelle.

Vi har rett og slett ikkje noko mottak. Det einaste vi har er ei arrestcelle. Og det er ikkje noko særleg triveleg opphaldsstad verken for hund eller katt.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Samarbeider med dyreorganisasjon

For politiet er lokale dyrevernorganisasjonar ofte til god hjelp. I Ålesund har politiet eit godt samarbeid med organisasjonen Kellys håp. Denne organisasjonen omtalar seg sjølv som dyrevener som på kort varsel kan hjelpe til med leiting etter sakna dyr.

– Vi har eit utruleg godt samarbeid med Kellys håp. Eg kan ikkje få rosa dei nok. Takk for at dei er til. Dei gjer ein kjempejobb, seier Bratland.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Ferietid er høgsesong

Dyrevernorganisasjonen Kellys håp stadfestar at det er svært mange leiteaksjonar etter dyr no om sommaren.

– Ferien er her, og mange har med seg kjæledyra sine til framande stader. Og ein er litt upåpasseleg ein augneblink så kan hunden eller katten gå seg vill. Då er det ofte behov for hjelp, og vi hjelper gjerne, seier presseansvarleg i Kellys håp, Wenche Ystenes.

Ho er også oppteken av at sommaren er høgsesong for dumping av kjæledyr. Organisasjonen har sett fleire slike saker i sommar.

Laster Twitter-innhold

– Sosiale medier er viktige

Tidlegare var Kellys håp sterkt involverte i direkte leiteaksjonar etter sakna dyr. I dag har sosiale medier teke over mykje av denne aktiviteten.

– Vi legg ut meldingane på Facebook-sidene våre der vi har mange følgjarar. Då blir meldingane spreidde svært fort. Og sakene løyser seg som regel ganske fort. Dermed er vi ikkje ute på like mange fysiske leiteaksjonar som før, seier Ystenes.

Ystenes er svært glad for rosen organisasjonen får frå politiet. Organisasjonen har så mykje å gjere, at dei no har oppretta ei eiga Facebook-side for kattar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Eit viktig verktøy

Operasjonsleiar John Bratland stadfester at sosiale medier spelar ei viktig rolle i sakene om sakna og funne dyr.

– For politiet er sosiale medier eit viktig verktøy i mange samanhengar. Og vi ser at det blir i sterkt engasjement i saker om dyr, seier han.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL