Desse kunstnarane fekk stipend

Dei sju kunstnarane Siri Skjerve, Astrid Overaa, Heidi Rødstøl, Lena Nymark, Trygve Nielsen, Charlotte Kirkebø Riise og Raymond Cerrado Knutsen fekk i dag tildelt kunstnarstipend for 2019. Totalt delte fylkespolitikarane ut 800 000 kr. Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt. – Vi meiner desse bidreg til å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Marit Nerås Krogsæter
Foto: Ragne Borge Lysaker