Hopp til innhold

Trur at dei yngste journalistane forsvinn ut dørene

Nedbemanninga blant tilsette i Sunnmørsposten kjem til å råke journalistane hardast. Tillitsvald Helge Gloppen fryktar at dei mest allsidige medarbeidarane kjem til å slutte.

Sunnmørsposten

Sunnmørsposten skal kutte 10 årsverk dei neste to åra.

Dei neste to åra skal Polaris Media spare 100 millionar kroner. I Sunnmørsposten må ti årsverk bort og alle tilsette har fått tilbod om sluttpakke. Helge Gloppen er tillitsvald for dei som er organisert i Norsk Journalistlag. Han seier det er dei yngste og mest allsidige journalistane som viser interesse for tilbodet.

– Det betyr eigentleg at det er framtida som går ut døra no, seier Gloppen.

Journalistane som har tilpassa seg den nye digitale kvardagen med internett og mobil, kan kome til å forlate avisa. Dei første sluttar allereie om få dagar.

Eldste er ikkje interessert

Gloppen trur at leiinga har hatt eit håp om at dei eldste ville seie ja til å gå. Det skulle etter planen skje ved frivillig avgang for dei som fyller 62 år innan 2016.

– Interessa er ikkje så god som bedrifta sikkert hadde håpa, seier klubbleiaren.

Kuttar for hardt

Gloppen seier at nedbemanningsprosessen har vore ryddig og sluttpakkane er gode. Han meiner at avisa kuttar for hardt, med tanke på at Sunnmørsposten har bra overskot.

– Vi står på og har oppnådd gode resultat på nettdekninga vår. Takka er at folk må slutte slik at konsernet kan tene meir pengar, seier Gloppen.

Sluttpakketilbod til alle

Også i Romsdals Budstikke har alle tilsette fått tilbod om sluttpakke. Fem stillingar skal bort innan 2016. Tre av dei som skal bort er journalistar.

Alle som er fødde i 1953 eller før får tilbod om ei ordning med avtalefesta pensjon. Dei som er fødde i 1954 og seinare får tilbod om sluttpakke, fortel Olav Skjegstad. Han er tillitsvald for journalistane i Romsdals Budstikke.

Framleis kjenner ingen utfallet av denne prosessen. Målet er å få til frivillige ordningar.

Smertefritt er det aldri. Men det er eit overordna mål at reduksjonane skal skje utan oppseiingar, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL