NRK Meny
Normal

Debatt om framtida til fylket

Vil nordmøringane nordover? Går sunnmøringane sørover? Kan og vil Møre og Romsdal bestå som fylke?

Direktesending om fylket si framtid frå Geiranger, der fylkestinget er samla.

NRK Møre og Romsdal har nettsending frå fylkestinget i Geiranger tysdag klokka 12.10.

Regionreforma blir eit brennheitt tema i tida framover. Med i sendinga er fylkespolitikarane Mette Belden, Jon Aasen, Randi Asbjørnsen og Anders Riise.

Også Trond Vestre, politisk kommentator i NRK Møre og Romsdal er med i TV-sendinga på nettet. Tore Ellingseter er programleiar i Geiranger.