Hopp til innhold

Kva no, Møre og Romsdal?

Spørsmåla er mange om Møre og Romsdal og framtida. Skal fylket gå nordover, sørover, litt hit og litt dit, eller skal det bestå som i dag?

Fylkestinget i Møre og Romsdal

Debatten om framtida til fylket pågår, men kjem formelt opp på fylkestinget i desember.

Foto: Trond Vestre / NRK

Framtida til Møre og Romsdal har lenge vore eit diskusjonstema. Sjølv om fylkestinget ikkje skal gjere vedtak før i desember så er det denne saka alle politikarane diskuterer. Og no kjem saka opp på tysdag gjennom ein interpellasjon.

Ikkje noko å vise til

– Det er ein spanande situasjon, meiner Anders Riise frå Høgre. Vi er i ein situasjon der vi ikkje har eit forhandlingsresultat å vise til. Vi er difor også avhengige av kva andre gjer for å bestå som eige fylke.

Anders Riise

Anders Riise vedgår at vårt fylke er avhengig av kva andre gjer.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

På Nordmøre er det mange som vil til Trøndelag, medan lenger sør har tre fylke underteikna ein intensjonsavtale om samanslåing. Eit stort fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal ønskjer at fylket skal bestå som i dag.

– Det handlar om å skape seg ei framtid med utvikling. Slik vi ser det så trur vi det bllir lettare saman med trøndelagsfylka, seier Mette Belden på Nordmørslista.

Har vore nok med naboprat

Samtidig har naboane sør på kysten hatt ei rekke samtalar om eit eventuelt stort Vestlandsfylke. Då Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skreiv under ein avtale om ein storregion, skjedde det utan at Møre og Romsdal var med i forhandlingane. Det blei med ein kort naboprat.

Det same i forholdet til trøndelagsfylka. Møre og Romsdal tok ein naboprat, medan Nord- og Sør-Trøndelag alt har søkt om å slå seg saman. Regionrådet for Nordmøre har imidlertid vore meir aktive i sonderingane.

Mette Belden

Mette Belden meiner Møre og Romsdal fort kan bli for lite.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi må sjå kva som foregår rundt oss, seier Belden. Trøndelagsfylka har kome langt i prosessen, og om dei tre fylka sør for oss slår seg saman, så blir vi for små.

Kva skjer i sør?

Avgjerande for debatten hos oss kan fort vere kva Rogaland gjer. Fylkesordførar Jon Aasen er ein av dei som trur dei hoppar av Vestlandsregionen.

Jenny Følling og Jon Aasen

Jon Aasen sin naboprat med Jenny Følling i Sogn og Fjordane enda ikkje i ein avtale om samanslåing.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ikkje berre politiske krefter i Rogaland fylke som er imot. På kommuneplan er dei store bykommunane Stavanger og Sandnes imot, og Stavanger Aftenblad som er ei stor og meiningsberande avis er heilt imot.

Om fylkesordføraren får rett, så blir det avklart før Møre og Romsdal sjølv skal ta debatten på fylkestingsamlinga i desember.

Og så langt har det vore fleirtal for at vårt fylke skal halde fram som i dag.

Stortinget avgjer

Jan Ove Tryggestad

Leiar av Sunnmøre Regionråd, Jan Ove Tryggestad, registerer at debatten går i både nord og sør.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg står på det vedtaket, seier Jan Ove Tryggestad, som er leiar av Sunnmøre Regionråd. Men eg registrerer kva som skjer på Nordmøre, og veit også at det er ein gryande debatt på Sunnmøre.

Men dei uavklarte spørsmåla står i kø. Kor stor del av Nordmøre ønskjer seg til Trøndelag, og korleis blir eit slikt ønskje handtert av storting og regjering, er berre to av dei. Og kva skjer dersom Nordmøre må halde fram i Møre og Romsdal mot sin vilje?

– Eg trur det skal mykje til før det blir akseptert, er svaret frå Mette Belden frå Nordmørslista.