Til samanlikning var resultatet før skatt på minus 93,3 millionar for tredje kvartal i fjor.
Driftsresultatet til konsernet var på minus 295 millionar kroner.
Pan Fish reknar med å legge fram ei løysing til refinanisering innan 20.desember.
Løysinga føreset ei aksjeutviding på 550 millionar kroner i januar.
Endringar
Pan Fish kjem til å skifte ut fleire av styremedlemmene slik at dei nye medlemmene har fleirtal i styret.
Kven som blir med i det nye styret blir offentleggjort tidleg i neste månad.
Konsernet skal også gjere endringar i leiinga.
Truleg vil det også innebere utskifting av Arne Nore som styreformann og kanskje som konsernsjef. For viss nokon er villige til å gå inn med dei 550 millionane som selskapet treng, vil dei sikre seg full kontroll over selskapet og dermed også inneha styreleiaren.
Børsfall
Arne Nore for sin del har har no vore gjennom sitt verste år som sjef og største aksjonær i eit av dei største fiskeoppdrettsselskapa i verda. No står han att ribba for pengar og tillit, noko som igjen vart uttrykt gjennom dei andre aksjonærane si store interesse for å kvitte seg med aksjar med til dels store tap i dag.
Rett etter at børsen opna fall kursen til ei krone og 20 øre som er historisk dårleg, for ein aksje som for vel to år sidan vart omsett for 79 kroner.
Nedturen starta i fjor haust. I november i fjor for eit år sidan tvang Fokus Bank Arne
Nore til å selge selskapet Alpha Salmon på grunn av at gjelda var for høg.
Inga avklaring
Faren for ytterlegare tap har likevel hindra bankane å slå selskapet konkurs. Derimot har både bankar og aksjonærar sett sin lit til at Nore skulle greie å få ny kapital inn i selskapet, noko han enno ikkje har lukkast med.
Då han la fram halvårsresultatet den 20. august vart det gitt inntrykk av at tilførsel av kapital var rett rundt hjørnet. Det same fekk vi høyre i dag - utan at det vart gitt nokon forklaring på kven som skal gå inn med kapitalen.
Ingen av dei noverande aksjonærane har midlar. Andre store aktørar har vore tilbakehaldne på grunn av overproduksjon av fisk som har ført til dårlege prisar på verdsmarknaden.
Og då hjelper det heller ikkje så mykje at Nore trur det vil betre seg for næringa.