Hopp til innhold

Cupfinalist kjempar mot nedrykk

 

Hødd Blåsarane

Blåsarane heiar ivrig på laget sitt. Denne sesongen har det vore mest å juble for i cupen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Cupfinalist Hødd kjempar mot nedrykk i kampen mot Mjøndalen.

Kampen på Høddvoll søndag startar kl.14.

Motstandar Mjøndalen ligg på fjerdeplass på tabellen. Hødd på ein farleg 12.plass.

Fredrik Aursnes

Kan cupfinaleklare Hødd få meir å juble for? No handlar det om å unngå nedrykk til andredivisjon.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Dersom Hødd skulle tape mot Mjøndalen, og Strømmen slår nedrykksplasserte Notodden, kjem ulsteinvikingane på nedrykksplass når tre rundar gjenstår.

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen og laget hans har gått frå den eine triumfen til den andre i cupen. I semifinalen slo dei ut Brann, og fekk hyllest frå NRK-kommentator Arne Scheie.

Men i serien har Hødd vunne berre åtte kampar i år.

Det er Start som toppar førstedivisjonstabellen, heile ni poeng føre Sandefjord.