Hopp til innhold

Ein vart sendt legevakt etter bustadbrann

Brannvesenet har sløkt brannen i Borgundvegen, der eit hus med fleire leilegheiter vart evakuert. Fleire personar vart evakuerte og ein vart sendt til legevakta for sjekk.

Brann i Borgundveien i Ålesund

Alle naudetatar har rykt ut til brannen i Ålesund sentrum.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Alle naudetatar rykte ut til ein bustad i sentrum, med fleire bueiningar. Politiet fekk først melding om røykutvikling.

– Det har utvikla seg til ein brann, sa Tor Andre Franck, operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Fekk varsla alle inne

Nabolaget vart evakuert og røykdykkarar frå brannvesenet var inne i bygget og søkte etter folk, men ingen er sakna. Brannen starta i i loftsetasjen.

– Ein utanforståande har gjort ein kjempejobb med å varsle dei som var inne, seier innsatsleiar Olav Ramnefjell. Ein person er sendt til legevakta for sjekk. Vegen er stengt og det blir framleis jobba på staden med ettersløkking.

Brann i Borgundvegen i Ålesund

Brannvesenet gjekk inn med røykdykkarar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ikkje fare for spreiing

Det er tett mellom husa i gata, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg.

–Slik som situasjonen var då brannvesenet kom fram var det ingen umiddelbar spreiingsfare, seier Kjetil Iversen, operatør ved 110-sentralen.

Brannvesenet rykte også ut på ein brann ein annan stad i Borgundvegen og der var matlaging brannårsaka. Der vert huseigar meld av politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL