Hopp til innhold
Brann Ørskog
Foto: Politiet i Møre og Romsdal

Bustad brann ned i Stordal

  • Hund varsla huseigar om brann

    Ein einebustad ved Dyrkorn i Stordal blei totalskadd i ein brann i natt. Politiet fekk melding om røykutvikling frå staden like før klokka 04.00 og kort tid seinare var bustaden overtent. Det var ingen i bustaden då det byrja å brenne. – Huseigar sov i ei campingvogn ved bustaden. Han blei vekt av hunden sin og kom seg unna. Også campingvogna brann ned, seier Erik Mikalsen, operasjonsleiar i politiet til NRK. Det er så langt for tidleg å seie noko om brannårsaka. Saka blir etterforska av politiet.

    Brann Ørskog
    Foto: Politiet i Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL