Burning i Ørsta

I kveld har politiet i Ørsta fått fleire meldinga om køyrety som driv såkalla «burning». Her rusar sjåførane motoren på høgt turtal, og let dekka spinne mot asfalten så det blir mykje røyk, svidd gummi og spor i asfalten.

Aktiviteten er til stor irritasjon og sjenanse for andre trafikantar og bebuarar, melder politiet.