Hopp til innhold

Har bygt si eiga konsertscene på garden

Frå han var 15 år har Ole Hjalmar Bonsaksen (25) drøymt om å lage ei konsertscene på heimgarden på Hellesylt. Laurdag blir det snorklipping og konsert med Egil Olsen.

Ole Hjalmar Bonaksen har bygd amfi på Ljøen

Ole Hjalmar Bonsaksen har bygt scene og amfi på Ljøen. Publikum kan sitte både oppe og nede.

Foto: privat

Med ei formidabel utsikt i innlaupet til Geirangerfjorden, har Ole Hjalmar Bonsaksen endeleg fått oppfylt gutedraumen. Saman med broren Magne, har han bygt konsertscene og tribune på Øvre Ljøen på Hellesylt. Det er berre tre gardar på den vesle plassen, men i helga kan dei ta imot så mange som 600 konsertgjestar.

– Eg har alltid vore interessert i musikk og for 10 år sidan fekk eg ideen om å lage ei utescene med fantastisk utsikt, fortel Ole Hjalmar Bonsaksen.

Utescene på garden Øvre Ljøen

Det er ei formidabel utsikt frå utescena på Ljøen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Magiske omgivnader

I fjor bygde han og broren ei midlertidig scene og inviterte artisten Egil Olsen til å halde konsert. Det vart ein stor suksess og freista til gjentaking. Men i år blir scena av heilt andre dimensjonar. Brødrene har også bygt ein gapahuk, slik at publikum kan sitte tørt under heile konserten. VIP-tribunen blir på toppen av gapahuken.

– Konseptet er at det ikkje berre er musikken som skal vere magisk, men også omgivnadane, seier Bonsaksen. Han sel konsertbillettar både via nett og på døra.

Utescene på Ljøen

I løpet av sommaren blir det fleire konsertar på denne scena. Den skal offisielt opnast laurdag og då skal Egil Olsen halde konsert.

Foto: privat

Låne privat toalett

Scena er plassert på ein teig på den stupbratte garden og er festa i fjellet. Og blir publikum tissetrengd, får dei låne toalett i leilegheita til Bonsaksen. Også foreldra hans, som bur på garden, er klare til storinnrykk.

– Mor mi var positiv til prosjektet, medan far min var tvilande i starten. Han jobbar på sjøen og då han kom heim att, stod gapahuken klar, ler Bonsaksen.

Laurdag blir det offisiell opninga av konsertscena med snorklipping.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL