Brannvesenet må sikre i vinden

Både i Molde og i Ålesund melder brannvesenet at dei er ute for å sikre gjenstandar i den sterke vinden. I Ålesund blir det meldt om ei takrenne som er i ferd med å blåse ned frå eit bygg i sentrum og fleire tre som var i ferd med å velte. I Molde er det ei trampoline som må bergast.