Hopp til innhold

Brannen endeleg sløkt

Omlag klokka 05 i natt kunne brannmannskapa endeleg avslutte sløkkearbeidet ved eit gjenvinningsanlegg på Husøya i Frei. Brannen blei varsla mellom klokka 20 og 20.30 i går kveld. I natt blei gravemaskin sett inn i arbeidet med snu massane, slik at brannvesenet skulle komme betre til. Minst 14 blei evakuerte i går kveld, men dei kan flytte heim i morgontimane.

Brann i gjenvinningsannlegg Husøya
Foto: Roar Halten / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL