Hopp til innhold

Brann på nytt sjukehus

Det har vore ein mindre brann på det nye sjukehuset på Hjelset. Det opplyser brannvesenet. Dei har sløkt brannen og har kontroll. Brannen oppstod på ein skjult plass, som gjorde at dei måtte gjere noko mindre rivearbeid for å kome til. Dei veit ikkje kva som var årsaka til brannen. Ifølgje politiet oppstod den i samband med byggearbeid.