Hopp til innhold

Brann i søppelfylling

  • Framleis røykfylt i Olsvika

    Politiet oppmodar framleis folk i nærleiken av søppelfyllinga Bingsa om å halde seg inne og lukke dører og vindauge. Det er framleis mykje røyk i området på grunn av brannen. Røyken kan vere både skadeleg og ubehageleg.

  • Brannen er under kontroll

    Brannen på Bingsa i Ålesund er under kontroll, men det er kraftig røykutvikling på grunn av sløkkearbeidet. I bustadområdet er det svært mykje røyk.

  • Oskenedfall etter brann

    Brannen i Bingsa i Ålesund har ført til oskenedfall fleire kilometer frå søppelfyllinga i Olsvika. Folk frå Spjelkavik, Lerstad, Åse, Hatlane melder om bitar av brent papir som har falle ned.

  • Litt betre kontroll

    Brannvesenet meiner dei har litt betre kontroll på brannen i søppelfyllinga Bingsa i Ålesund. - Gunstig vindretning og nok sløkkeutstyr gjer situasjonen litt betre, seier innsatsleiar Sindre Molnes i politiet

  • Sjøvatn i sløkkinga

    Brannvesenet og Sivilforsvaret jobbar for å få lagt slangar til sjøen i sløkkearbeidet i Bingsa. Meininga er å pumpe sjøvatn opp til Bingsa til bruk i sløkkinga. Brannvesenet har ikkje kontroll på brannen i søppelfyllinga.