Hopp til innhold

Låve overtent i brann

Ein låve på Syltegjerdet i Fræna blei totalskadd i ein brann onsdag kveld.

Brann på Sylte i Fræna

Ein låve blei totalskadd i ein brann på Sylte i Fræna onsdag kveld.

Foto: Oddbjørn Harnes/Romsdals Budstikke

Brannvesenet fekk melding om brannen like før klokka 22.00 onsdag kveld, og rykka raskt ut til staden.

Klokka 22.45 melder 110-sentralen at låven er så godt som nedbrent og at brannvesenet er i gang med ettersløkking på staden.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til brannen.

Blei raskt overtent

Mannskap frå Fræna og Molde brannvesen deltok i sløkkingsarbeidet.

– Låven er overtent, men ingen menneske eller dyr skal vere skadd, seier Nils Bjerknes, operasjonsleiar ved 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK klokka 21.55.

Har kontroll over brannen

Ifølgje operasjonsleiar i politiet Jan Helge Kjøl blei låven brukt til mellom anna oppbevaring av utstyr.

– Det var ingen dyr i denne delen av låven då det byrja å brenne, seier han.

Låven stod ikkje til å redde og brannvesenet vil gjere ei kontrollert nedbrenning av låven.

– Hovudfokuset no er å hindre at brannen spreier seg til nærliggande bygg, seier Sindre Kongshaug ved 110-sentralen til NRK i 22.20-tida.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL