Hopp til innhold

Brann i container har spreidd seg

Brannen i ein container på Frei i Kristiansund har no spreidd seg til takkonstruksjonen i eit bygg. Det opplyser 110-sentralen. Det blei først meldt at det ikkje var fare for at brannen ville spreie seg. – Brannvesenet jobbar for å sløkke brannen som er i taket på eit produksjonslokale, seier Stian Jørgensen ved 110-sentralen.

Brann på Frei i Kristiansund
Foto: Eirik Haukenes / NRK